Hjulskift og dekkhotell

Hjulskift - kr 675,-

På tide med sesongbytte? Skift dekk hjå Toyota Norheimsund.

Når du kjem inn til oss, sjekkar vi at dekka dine er i forsvarleg stand før dei vert sette på bilen. Dersom vi tilrår at du bør byte dekk, hjelper vi deg gjerne med å bestille nye.

Hugs å ta med både dekk og eventuelle mutrar dersom dei er ulike mellom vinter- og sommarhjul.

Vi skiftar dekka dine raskt medan du ventar, og kontrollerer/programmerer dekktrykksensorane i bilen din.

Før du veit ordet av det, er du tilbake på vegen – og bilen er klar for ein ny sesong.

Dekkhotell - kr 1250,-/pr.sesong

Gjer det enkelt – vel dekkhotell!

Det er mange fordelar med å velje dekkhotell hjå Toyota Norheimsund.

Me oppbevarer dekka dine for deg, og når det nærmar seg sesongskifte, kallar me deg inn til hjulskift. Før du kjem, sjekkar me alltid at dekka dine er i god og forsvarleg stand. Dersom du treng nye dekk, tek me kontakt med deg på førehand og hjelper deg med bestilling.

Me skiftar dekka dine raskt medan du ventar. Vi kontrollerer og programmerer også dekktrykksensorane når me skiftar hjula. Hjula dine er også forsikra medan dei er lagra hos oss.

Me fører berre dekk frå kvalitetsleverandørar, slik at du kjem deg fram både trygt og komfortabelt.

Med rett oppbevaring aukar levetida på dekka dine.

Nytt for sesongen er at me tilbyr vask av dekk for våre dekkhotellkundar. For 500,- får du nyvaska hjul montert ved neste skift. Ynskjer du reine og fine hjul til neste skift, skriv eit notat i bestillingen, eller gje beskjed når du leverer bilen for skift.

Hjulskift tek om lag 30 minutt. Mange kundar vel å vente i vår flotte kundelounge, slå av ein hyggeleg bilprat og nyte ein kopp kaffi medan me skiftar hjul. Finn time som passar for deg nedanfor.

Du kan også ta kontakt på telefon 56 55 04 55, eller bruka kontaktskjema.